Billagstomti er lokalisert midt i Sogndal, mellom Campus Sogndal i vest og Sogndalsfjøra i aust.

Einarsen Eigedom og Allstad Eigedom skal gjennom selskapet Sogndalsporten Utvikling AS utvikla denne spanande tomta. På Billagstomti skal me etablera ulike typar butadar, handel, næring og møteplassar. Vår visjon er at Billagstomti skal vera eit attraktivt område både for dei som bur der, og for alle som bur i Sogndal. Billagstomti skal bli eit knutepunkt og ein sentral møteplass i Sogndal.  

For å finna dei beste løysingane for tomti, og for Sogndal, har me valgt å bruka parallelloppdrag for å koma fram til ein moglegheitsstudie. Tre arkitektteam presenterte sine idear for innbyggjarar og myndigheiter i 9. januar 2024 og våren 2024 vart LOF sitt forslag lansert som vinnar.

Prosjektet leverte planinitiativ november 2024.

Sjå Moglegheistsstudiar

Me ser for oss å starte detaljregulering av heile Billagskvartalet i starten av 2025, og me håpar på byggjestart i hausten 2026.